Tang og tare til bruk som mat
Det er stor interesse for å utnytte tang og tare som mat. På denne sida informerer vi forbrukarar om mattryggleik og rettleier produsentar om kva dei må gjere og ta omsyn til når dei skal produsere tang og tare som mat.
Vis endring
- Omskrevet innhold
Store deler av denne siden er skrevet om og oppdatert.
Innhald på denne sida
- Råd til forbrukarar: Ikkje et for store mengder
- Dette veit vi om mattryggleik for tang og tare
- Rettleiar om produksjon og omsetning
- Registrering av verksemd
- Regelverk om tang og tare til bruk som mat
- Risikohåndtering av produkter med høyt jod-nivå
Vi bruker her det populære uttrykte "tang og tare", men den meir presise termen er "makroalgar". Makroalgar er ei stor og mangfaldig gruppe av fleircella fotosyntetiserande algar som hovudsakleg lever i salt- og brakkvatn.
På bakgrunn av dei mest dominerande pigmenta blir makroalgane grovt delte inn i dei tre gruppene
- brunalgar
- raudalgar
- grønalgar
Dei ulike gruppene og artane kan ha svært ulike eigenskapar og innhald av ulike stoff.
Mattilsynet har laga ein rettleiar både for deg som produserer og omset tang og tare som mat, og for deg som planlegg å starte opp slik produksjon.
Veileder om produksjon og omsetning av tang og tare som mat
Råd til forbrukarar: Ikkje et for store mengder
Mange forbrukarar er interesserte i å bruke tang og tare som ein del av kosthaldet. Kunnskap om mattryggleik og risikohandtering er stadig under utvikling, både i Noreg og i resten av Europa.
Vi veit for eksempel at fingertare og hijiki-tang har høge nivå av det kreftframkallande stoffet uorganisk arsen, og at enkelte produkt kan ha helseskadeleg høgt nivå av jod.
Inntil vi har fått meir kunnskap, anbefaler vi at forbrukarar bruker tang og tare med aktsemd og ikkje et store mengder.
Dette veit vi om mattryggleik for tang og tare
Kunnskap om mattryggleik og risikohandtering av tang og tare er under utvikling. Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet publisert to rapportar om mattryggleik for tang og tare.
Andre sentrale rapportar
- Nordisk rapport om mattrygghet i tang og tare 2023
- Report of the expert meeting on food safety for seaweed – Current status and future perspectives (2021)
- Dietary exposure to heavy metals and iodine intake via consumption of seaweeds and halophytes in the European population (efsa.europa.eu)
Nokre av hovudkonklusjonane frå rapportane er at dei viktigaste farane er for høge nivå av uorganisk arsen, kadmium og jod. Det er likevel store forskjellar i innhald både mellom og innan artane, og nivåa kan bli påverka av alder, vekstforhold og prosesseringsmetodar.
Analysar frå Havforskingsinstituttet viser også at høge nivå av kadmium, uorganisk arsen og jod er dei viktigaste faremomenta i visse norske artar. Nokre artar har problematisk høge nivå, mens andre har det ikkje.
- Raud- og grønalgar har generelt lågare nivå av jod enn brunalgar.
- Raudalgen trøffeltang/grisetang-dokke er eit klart unntak, han har nivå av jod på linje med brunalgar.
- Innhaldet av kadmium er generelt høgare i brunalgar og raudalgar, og fingertare kan ha eksepsjonelt høgt nivå av uorganisk arsen.
Les meir i Vedlegg til veileder om produksjon og omsetning av tang og tare som mat.
I tillegg til metall og jod er det mange andre moglege farar, både kjemiske, biologiske og fysiske og også allergen, som er har noko å seie for mattryggleiken.
Typen, nivået og rangeringa av farar i tang og tare frå norske farvatn kan endrast når vi får nye data frå meir forsking, og forholda kan også bli påverka av klimaendringar som auka sjøtemperatur.
Les meir om krava til interne rutinar for å handtere slike farar i Internkontroll og HACCP ved produksjon og omsetning av tang og tare som mat.
Rettleiar om produksjon og omsetning
Tang og tare som mat er ei relativt ny næring, og behovet for kunnskap om kva som er trygt, er framleis stort. Det finst heller ikkje eit spesifikt regelverk som regulerer tang og tare.
Det er viktig med tilstrekkeleg kunnskap om mattryggleik og regelverkskrav på eit tidleg stadium i utvikling av nye næringar og produkt. Viss dette ikkje er på plass, kan det få negative konsekvensar for både helsa til forbrukarar og for potensialet til næringa for omsetning og eksport.
Mattilsynet har laga ein rettleiar om dei viktigaste regelverkskrava og anna du må ta omsyn til når du skal produsere og omsette tang og tare som mat. I rettleiaren finn du også tilvisingar til viktige rapportar som samanfattar kunnskapen på området.
Vi anbefaler alle som produserer mat av tang og tare, og dei som planlegg å starte med slik produksjon, å lese han.
Registrering av verksemd
Når du dyrkar, haustar og produserer mat av tang og tare for omsetning, skal du vere registrert hos Mattilsynet. Regelverket stiller også krav til at du held oss oppdatert om verksemda di.
Sjølv om du har fått sertifisering av Debio som økologisk produsent, må du registrere deg hos Mattilsynet.
Les meir om korleis du skal registrere deg, i kapittel 2 i Veileder om produksjon og omsetning av tang og tare som mat.
Registrer matbedriften din hos Mattilsynet
Driver du med produksjon, import, lagring, håndtering eller salg av næringsmidler? Da må du registrere eller søke om godkjenning av virksomheten hos Mattilsynet. Dette gjelder også butikker.
For å registrere virksomheten bruker du skjemaet «Ny matbedrift».
Bruk også skjemaet dersom du skal utvide en eksisterende virksomhet med en ny aktivitet som ikke er registrert fra før.
Les brukerveiledningen for pålogging til Mattilsynets skjematjenester
Gå til Mattilsynets skjematjeneste for å registrere virksomheten
Regelverk om tang og tare til bruk som mat
Det er lite av matregelverket som handlar spesifikt om tang og tare. Dette har ført til at ulike EU/EØS-land handterer produkt laga av tang eller tare ulikt.
Det er utarbeidd lite spesifikt regelverk som regulerer tang og tare, men det generelle regelverket som gjeld for produksjon og omsetning av mat, gjeld også for mat basert på tang og tare.
Det er eit generelt prinsipp i matlova at det er ansvaret til verksemdene at produkta er trygge. Dette er spesielt viktig for nye artar og produkt når kunnskapsgrunnlaget om mattryggleik er mangelfullt og det er lite spesifikt regelverk.
Visse artar eller produkt av tang og tare til bruk i næringsmiddel kan vere forbodne å omsette innanfor EØS ifølgje reglane i ny mat-forskrifta. "Ny mat" er næringsmiddel som ikkje i vesentleg grad har blitt brukte til konsum hos menneske i Noreg eller dei andre EØS-landa (inkluderer EU) før 15. mai 1997.
Nokre norske artar av tang og tare er ikkje ny mat, mens for andre har ikkje status blitt bestemt.
Les meir om ny mat og status til ulike artar
EU jobbar med å utvikle regelverk for mat basert på tang og tare, med blant anna grenseverdiar for uønskte stoff. Noreg deltar aktivt, blant anna med data på jod og metall.
Det vil ta tid før eit regelverk er på plass. I mellomtida blir næringsaktørane tillagde eit spesielt ansvar for å sikre at produkta som blir selde, er trygge.
I mangel av spesifikt regelverk handterer EU/EØS-landa produkt baserte på tang eller tare ulikt. Fleire produkt er melde inn som helsefarlege via det europeiske meldesystemet RASFF – særleg på grunn av høgt jodinnhald. Noreg er ein del av RASFF-systemet, med Mattilsynet som kontaktpunkt.
Du finn aktuelle RASFF-meldingar om tang og tare ved å skrive for eksempel "seaweed" eller "algae" i søkefeltet på EU-kommisjonens RASFF-portal (webgate.ec.europa.eu).
Det er heller ikkje utvikla internasjonale standardar eller anna materiell på tang og tare under Codex Alimentarius, men det har vore diskusjonar om behovet for og ønske om å starte eit arbeid på dette i fleire år.
Mattilsynet har ikkje oversikt over alle internasjonale reglar. Viss du skal eksportere, er det ditt ansvar å undersøke kva reglar som gjeld i importlandet. Reglar for jodinnhald kan for eksempel variere i ulike land.
Du finn meir informasjon om eksport og samhandel i rettleiaren.
Risikohåndtering av produkter med høyt jod-nivå
Mattilsynet er spesielt oppteken av det høge og mogleg helsefarlege nivået av jod i ein del produkt som er baserte på tang og tare.
Noen tang og tare-produkter inneholder svært høye nivåer av jod. Jod er derfor klassifisert som en mulig fare i denne sammenhengen.
Siden det mangler harmoniserte håndteringer i EU/EØS for jod i tang og tare, har noen land nasjonale håndteringer, og disse er svært ulike.
EUs vitenskapskomite for mat publiserte i 2002 en vurdering der de indikerer at inntak av makroalger med relativt lavt jod-innhold (20 mg/kg tørrvekt) kan føre til et helsefarlig høyt jod-inntak hvis den eksponerte befolkningen i utgangspunktet har jodmangel complet chapitres.indd (europa.eu).
Noen EU-land, som for eksempel Tyskland, bruker 20 mg/kg tørrvekt som grenseverdi, mens for eksempel Frankrike opererer med en grenseverdi på 2000 mg/kg tørrvekt.
De fleste produkter på markedet, både importert fra land utenfor EU/EØS og produsert i EU/EØS, overskrider grensen på 20 mg. Brunalgen sukkertare har for eksempel spesielt mye jod og kan i ubearbeidet tilstand inneholde langt over 2000 mg jod/kg tørrvekt.
Norge har ingen nasjonale grenseverdier, men ønsker harmoniserte håndteringer som både muliggjør bruk av makroalger til mat i Europa, samtidig som mattryggheten sikres.
Siden et høyt inntak av jod kan føre til helseproblemer, bør forbrukerne informeres på en passende måte om den mulige risikoen ved slike produkter, slik at de kan ta et informert valg. Merking er et mulig verktøy som kan brukes til denne informasjonen. Produkter omsatt til forbrukere bør inneholde et jod-nivå som ikke innebærer at anbefalt daglig inntak av jod blir oversteget.
Bearbeidingsmetoder som tørking, fermentering, skylling og varmebehandling kan redusere jod-innholdet. Imidlertid kan noen produkter fortsatt inneholde svært høye nivåer av jod etter bearbeiding.
Det pågår flere forskningsprosjekter som jobber med metoder for reduksjon av jod i makroalger. Med bakgrunn i det høye jod-innholdet i en del næringsmidler fra tang og tare, har den norske næringen utarbeidet en bransjeveileder med et forslag til hvordan matprodukter som inneholder tang og tare skal merkes, slik at forbrukerne kan ta informerte valg.