Slik kjøper du fôr frå utlandet som privatperson
Dersom du vel å kjøpe fôr til kjæledyra dine i utlandet, har du ansvaret for at varene du tar inn i Noreg er i tråd med norsk regelverk.
I nokre tilfelle har Noreg andre reglar enn for eksempel EU. Fôr som er tillate i EU, inkludert Sverige og Danmark, kan dermed vere ulovleg i Noreg. Dette gjeld spesielt fôr som inneheld genmodifiserte råvarer. Slikt fôr er ikkje tillate i Noreg.
Dersom fôret du tar inn i landet berre skal brukast til eigne kjæledyr, treng du ikkje å vere registrert hos Mattilsynet. Viss fôret du tar inn derimot skal omsettast vidare, skal du vere registrert som fôrimportør. Hugs at hest og kanin blir rekna som eit matproduserande dyr, sjølv om dei for deg er sports- eller familiedyr. Dersom du importerer fôr til hest eller kanin, skal du uansett registrerast hos Mattilsynet.
Netthandel
Ver merksam på at nokre utanlandske nettbutikkar vender seg til norske kundar på norsk språk på nettsidene sine. Det er dermed ikkje nok at nettsida står fram som norsk. Det kan likevel vere at verksemda er i eit anna land.
Grensehandel
Dersom du kjøper fôr til eigne kjæledyr i ein butikk i eit EU-land, kan du i dei fleste tilfelle ta dette med deg heim. Unntaka er fôr som inneheld genmodifiserte råvarer. Om vara inneheld slike råvarer, skal komme fram av merkinga på fôret. Levande fôr kan du heller ikkje ta med deg over grensa.
Land utanfor EØS
Frå land utanfor EØS-området gjeld særskilde reglar.
Veileder om tekniske bestemmelser ved import og samhandel av fôr