Tilsetningsstoff i fôr
Tilsetningsstoff blir brukte for å oppfylle eit formål enten med effekt på fôret eller med effekt på dyret som blir fôra.
Regelverk om tilsetningsstoff er å finne i forskrift om tilsetningsstoffer til bruk i fôrvarer (lovdata.no).
Det er berre lov å nytte godkjente tilsetningsstoff. Tilsetningsstoffet er berre godkjent til dei dyra og på den måten som kjem fram av godkjenninga. Det er EU som godkjenner tilsetningsstoff på bakgrunn av dokumentasjon som søkaren sender inn og etter at stoffet er risikovurdert av EFSA (European Food Safety Authority).
Det same tilsetningsstoffet stoffet kan vere godkjent til ulikt formål, gjerne i ulike konsentrasjonar og til ulike dyr. Når EU har godkjent eit tilsetningsstoff, kjem det inn i registeret The European Union Register of Feed Additives.
The European Union Register of Feed Additives (food.ec.europa.eu)
Eit tilsetningsstoff er ikkje godkjent i Noreg før det er tatt inn i forskrift om tilsetningsstoffer til bruk i fôrvarer. Ein premiks er ei blanding av eitt eller fleire tilsetningsstoff eller ei blanding av eitt eller fleire tilsetningsstoff med eit berestoff, der beraren som regel er eit fôrmiddel men også kan vere vatn. Ein premiks er ikkje bestemt til fôring direkte, men blir laga for å gi eit større volum. Dette skal sikre at tilsetningsstoffa blir blanda homogent inn i fôrblandinga.
Fakta om tilsetningsstoffer i fôr
Regelverk
Forskrift om tilsetningsstoffer i forvarer
Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no