Bruk av dyr frå havet som fôr til matproduserande dyr
Det er ikkje alt frå havet som kan brukast som fôr til matproduserande dyr.
Med nokre få unntak er det ikkje tillate å bruke protein av animalsk opphav i fôr til matproduserande dyr. Eit unntak er fiskemjøl som er tillate å bruke i fôr til fisk, fjørfe og svin (forskrift om førebygging av, kontroll med og utrydding av overførbare spongiforme encefalopatir (TSE) (TSE-forskrifta), jf. regulering (EU) nr. 999/2001, vedlegg IV, Kap. II)).
Det er visse krav til kva dyr som kan inngå i produksjonen av fiskemjøl, og for at fiskemjøl skal kunne brukast i fôr til matproduserande dyr, må det behandlast etter godkjend behandlingsmetode. Oppdretta virvellause akvatiske dyr er produksjonsdyr, og fôr/substrat til slike dyr må oppfylle alle krav til fôr for matproduserande dyr.
Du finn meir informasjon om restriksjonar for bruk av protein av animalsk opphav i Veileder om bruksbegrensninger for proteiner og mineraler av animalsk opprinnelse i fôr (TSE-regelverket).
Sjå også:
Kva er fiskemjøl?
Fiskemjøl kan produserast frå vill og oppdretta fisk (kjevelaus fisk, bruskfisk og beinfisk), blautdyr (for eksempel skjel) og krepsdyr (for eksempel kril).
Det kan også produserast frå ville sjøstjerner av arten Asterias rubens som blir hausta frå produksjonsområde for blautdyr. Fiskemjøl kan også produserast frå alle andre oppdretta virvellause akvatiske dyr. For at eit virvellaust akvatisk dyr skal bli rekna som oppdretta, må det finnast eit akvakulturløyve og vere oppført i akvakulturregisteret (akvakulturdriftsforskrifta § 4). Av ville virvellause akvatiske dyr kan fiskemjøl berre produserast frå dyr som høyrer til rekkene blautdyr og krepsdyr (forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum (animaliebiproduktforskrifta), jf. regulering (EU) nr. 142/2011, vedlegg 1, nr. 7).
Krav til produksjon av fiskemjøl
Produsentar av fiskemjøl må vere godkjente som bearbeidingsanlegg for animalske biprodukt hos Mattilsynet. For at fiskemjøl skal kunne brukast som fôrmiddel i fôr til matproduserande dyr, må det bli behandla etter godkjent behandlingsmetode.
Oversikt over typar biproduktverksemder og behandlingsmetodar
Krav til produsentar av oppdretta virvellause akvatiske dyr til fôr
Virvellause akvatiske dyr som blir haldne og fôra, er definerte som produksjonsdyr, på lik linje med insekt.
Jf. regulering (EU) nr. 1069/2009, artikkel 3, nr. 6.
Oppdrett av virvellause akvatiske dyr vil derfor vere underlagt dei same krava som annan oppdrett. Oppdrett av virvellause akvatiske dyr er primærproduksjon av fôr og må registrerast hos Mattilsynet og følgje reglane om fôrhygiene.
Sjå også:
Registrering/godkjenning i samsvar med forskrift om fôrhygiene
Krav til fôret/substratet til oppdretta virvellause akvatiske dyr
Substratet som oppdretta virvellause akvatiske dyr veks på, er definert som fôr og må følge alle regelverkskrava til fôr. Det er fleire restriksjonar for kva som kan brukast til fôr, og det er fleire restriksjonar for animalsk materiale enn for vegetabilsk materiale.
Eksempel er at avføring, slam, kjøkken- og matavfall ikkje er tillate å bruke som fôr. Det er heller ikkje tillate å fôre ein art med protein som kjem frå same art (kannibalismeforbodet). Det er ei liste over forbodne fôrmiddel i forskrift om merking og omsetning av fôrvarer, jf. forordning (EU) nr. 767/2009, vedlegg 3. I forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum (animaliebiproduktforskriften), jf. forordning (EU) nr. 1069/2009, artikkel 11, finn du ei rekkje bruksrestriksjonar for bruk av animalsk materiale til fôr.