Vi gjer det vi kan for at du skal kunne vere anonym når du sender ei bekymringsmelding. Dersom den det gjeld får innsyn i meldinga, fjernar vi opplysningar som kan avsløre kven du er. Dersom saka seinare blir behandla i domstolen, kan det likevel hende at du blir kontakta.
Vi anonymiserer ikkje trakasserande meldingar. Den meldinga handlar om, kan få vite kven som har sendt ho.