EPPOs arbeid med planteskadegjerarar

Ein av EPPOs (Plantevernsorganisasjonen for Europa og Middelhavsområdet) oppgåver er å hjelpe medlemslanda i arbeidet med å hindre introduksjon og spreiing av farlege planteskadegjerarar.

Publisert

European and Mediterranean Plant Protection Organization (EPPO) arbeider blant anna med å identifisere kva planteskadegjerarar som kan representere slik risiko. Som del av dette arbeidet samlar EPPO informasjon og gjennomfører dokumenterte risikoanalysar for utvalde planteskadegjerarar.

Les meir om EPPOs arbeid med risikovurderingar (eppo.*int).

Skadegjerarar som har vore gjenstand for slik arbeid i EPPO og der konklusjonen er ei oppfordring om at dei bør regulerast som karanteneskadegjerarar (”quarantine pests”) av medlemsland i heile eller delar av EPPO-regionen, blir sette opp på A1 eller A2 lista og dessutan på Action list.

På EPPOs nettsider finst blant anna følgande lister, med tilhøyrande faktaark om organismane, bilde, kart over utbreiing og informasjon om risikoanalysar:

EPPO A1 List of pests recommended for regulation as quarantine pests (eppo.int)

Lista omfattar planteskadegjerarar som ikkje er etablerte i regionen, og som EPPO anbefaler regulert som karanteneskadegjerarar.

EPPO A2 List of pests recommended for regulation as quarantine pests (eppo.int)

Lista omfattar planteskadegjerarar som førekjem i delar av regionen, og som EPPO anbefaler regulert som karanteneskadegjerarar.

EPPO Action List (eppo.int)

Liste over planteskadegjerarar som dei siste åra er sett inn på A1- eller A2-listene, og som EPPO spesielt ønsker å gjere medlemslanda merksame på.

EPPO: Invasive alien plants (eppo.int)

Innanfor rammene av IPPC og den europeiske strategien mot invaderande framande artar i Bernkonvensjonen, har EPPO under utvikling ein europeisk strategi for vern mot invaderande framande plantar. Lista omfattar plantar som er funne å representere ein alvorleg risiko for plantehelse, miljø og biodiversitet i regionen. EPPO anbefaler land som er trua av desse artane om å sette i verk tiltak for å hindre vidare spreiing.

EPPO Alert List (eppo.int)

Formålet med lista er å gjere medlemslanda merksame på visse skadegjerarar som kan representere ein mogleg plantesanitær risiko. For ein del av skadegjerarane er risikoanalysar innanfor EPPO-systemet planlagde eller påbegynte. Lista utgjer i seg sjølv ikkje noka oppfordring om plantesanitære tiltak, men er tenkt å fungere som eit system for tidleg varsling av mogleg risiko.