Offentleg journal og innsyn

Mattilsynets offentlege journal er publisert på eInnsyn.

Fagleg gjennomgått

eInnsyn er ei søketeneste for alle som leitar etter informasjon knytt til offentleg sektor. Her kan du søke etter dokument som er mottatte, sende eller oppretta av Mattilsynet, og dessutan bestille innsyn.

Sjå også Innsyn i dyrevelferdssaker

Vi har lengre saksbehandlingstid for innsynskrav

Innsynskrav skal behandlast utan ugrunna opphald. Per november 2026 klarer vi ikkje å behandle krava så raskt som vi ønsker. Vi prioriterer no å behandle ferdig saker frå 2025.

Den forventa saksbehandlingstida for nye innsynskrav er om lag seks veker. Dersom du har bede om innsyn i ei omfattande mengd dokument, må du rekne med lengre saksbehandlingstid

Vi beklagar ventetida.

Dokumentasjon som ikkje finst på eInnsyn

Ønsker du innsyn i dokumentasjon som ikkje finst på eInnsyn, send ein e-post til innsynshenvendelser@mattilsynet.no. Dette kan for eksempel gjelde innsyn i kampanjar, samanstillingar og så vidare.

Helsesertifikat og godkjenningar av planteimport

Mattilsynet ferdar ut store mengder av helsesertifikat og godkjenningar av planteimport. Desse blir ikkje publiserte på eInnsyn på grunn av mengda og innhald som er halde unna offentleg innsyn etter offentleglova – offl § 13 første ledd (lovdata.no) jf. forvaltningsloven – fvl § 13 første ledd nummer 2 (lovdata.no).

Eldre postjournalar

Ønsker du innsyn i dokument frå 2003-2013, må du sende ein forespurnad til Nasjonalarkivet: Generelle forespørsler - Nasjonalarkivet (nasjonalarkivet.no). Ønsker du innsyn i dokument frå 2014-2017, kan du sende ein e-post til innsynshenvendelser@mattilsynet.no.