Rapport

Overvaking og kontroll med salmonella i levande dyr, ferskt kjøtt og egg (2024)

Mattilsynet har sidan 1995 gjennomført overvaking for salmonella hos levande dyr (storfe, svin og fjørfe), ferskt kjøtt og egg. Av over 26 000 prøver tatt i frå heile produksjonskjeda var tre prøver positive for salmonella.

Publisert
Kva blei undersøkt?

9225 avføringsprøver eller sokkesvaber frå 5968 flokkar i 1237 fjørfeanlegg frå heile fjørfeproduksjonspyramiden.

1201 avføringsprøver frå avlsanlegg for svin.

3156 lymfeknutar frå slaktegris og purker, og dessutan 3143 lymfeknutar frå storfe.

6884 svaberprøver frå kjøttskrottar.

2712 kjøttskrapprøver frå nedskjeringsanlegg.

Tidsrom
2024
Kva leita vi etter?

Salmonellabakteriar i avføring, miljøprøver og lymfeknutar som representerer forekomst i anlegget.

Salmonellabakteriar på slakteskrottar og kjøttskrap i slakteri eller nedskjeringsverksemder.

Kva fann vi?

To fjørfeflokkar var positive for salmonella, ein i eit avlsdyranlegg for slaktekyllingforeldre og ein i eit slaktekyllinganlegg.

Ein lymfeknute frå storfe testa positivt for salmonella.

Alle andre prøver var negative.

Estimert prevalens var under 0,4 prosent i alle dei undersøkte populasjonane for 2024.

Kven utførte oppdraget?

Veterinærinstituttet.

Les heile rapporten på Veterinærinstituttet sine nettsider: Overvåking Salmonella (vetinst.no)