Nemninga bacon

Produkt med nemninga "bacon" skal vere laga av salta og røykt sideflesk av svin. Produkt som er laga av andre stykkingsdelar av svin eller frå eit anna dyreslag, kan ha nemningar som inneheld ordet "bacon".

Publisert

Ferdigpakka næringsmiddel skal vere godt merkte

Alle ferdigpakka nærings­middel skal vere merkte med ei nemning som gir forbrukarane eit klart inntrykk av kva nærings­middel det er snakk om. Nemninga skal identifisere produktet tilstrekkeleg, slik at forbrukarane forstår kva dei kjøper.

Nemninga "bacon" som står aleine

I Noreg har det tradisjonelt vore ei forventing om at "bacon" er salta og røykt side­flesk av svin.

Mattilsynet meiner framleis at produkt som berre blir merkte med nemninga "bacon", skal vere produserte av salta og røykt side­flesk av svin.

Bruk av nemningar som inneheld ordet "bacon"

Mange produkt blir omtalte som "bacon", men er frå eit anna dyre­slag eller er laga av andre stykkings­delar av svin.

Mattilsynet meiner at ordet "bacon" kan inngå i nemninga på produkt som er laga av andre dyre­slag enn svin.

I merkinga av denne typen produkt skal ikkje nemninga "bacon" stå aleine. Produktet må merkast med ei dekkande nemning slik at forbrukarar ikkje forvekslar produktet med vanleg "bacon". Mattilsynet meiner også at nemninga må brukast konsekvent i merkinga og marknads­føringa av produktet.

Det er alltid total­inntrykket som må vurderast når ein skal sjå om merkinga er rett og ikkje villeiande etter regel­verket, eksempelvis desse punkta:

  • ord og bilde
  • plassering av tekst, bilde og andre element
  • storleiken og fargen på teksten og skrifttypen

Eksempel på bruk

Det er akseptabelt at produktet som har "bacon" i nemninga, ikkje er laga av salta og røykt side­flesk av svin, men nemninga må beskrive kva del av dyret det er produsert frå. Eksempel: "filet­bacon" eller "bacon av nakke".

Det er akseptabelt at eit produkt som har bacon i nemninga, ikkje er laga av svin dersom nemninga seier kva dyr det er produsert av. Eksempel: "kalkun­bacon" eller "bacon av storfe".