Sal av egg frå butikk
Egg skal vere produserte, lagra, merkte og selde i samsvar med regelverket i alle ledd, frå egga er lagd og fram til dei blir selde til forbrukaren.
Sal av ikkje ferdigpakka egg i butikk
Egg kan seljast direkte frå eggprodusenten til forbrukar via butikkar i nærområdet til eggprodusenten.
Dette må du hugse på dersom du sel egg frå butikken din:
- Du kan berre selje egg frå ein bonde som er registrert hos Mattilsynet som eggprodusent.
- Egga frå eggprodusenten må seljast i lausvekt (på brett utan innpakking eller t.d. frå korg).
- Egga må oppbevarast ved høgst 12 °C. Egg som blir selde til forbrukar innan tre dagar etter leggedato (særleg ferske egg), er haldne unna dette temperaturkravet.
- Egga skal vere selde til forbrukaren seinast 21 dagar etter legging.
- Du må gi forbrukaren informasjon via plakat eller liknande om kven som er eggprodusenten og haldbarheitsdato på egga.
Ferdigpakka egg
- Du kan også selje egg som kjem ferdig pakka i kartong frå eggprodusenten/eggpakkeriet.
- Eggprodusenten må vere registrert eller godkjent som eit eggpakkeri hos Mattilsynet.
- Ferdigpakka egg skal i utsalsstaden oppbevarast ved høgst 12 °C.
Krav til eggprodusent og eggpakkeri
Krava til eggprodusenten og eggpakkeriet finn du her: Produksjon av egg og eggprodukt.
Det er eggpakkeriet sitt ansvar at ferdigpakka egg i eggekartongen er merkte i samsvar med matinformasjonsforskrifta.