Råd om hygiene ved utslakting
Jegeren sjølv, og utstyr som blir nytta (til dømes kniv), er den største potensielle forureiningskjelda.
Viss du ikkje er frisk, overlat utslakting til andre.
Dette bør du som jeger tenkje på ved utslakting:
- Start med grundig handvask. Viss du er i felt og ikkje har tilgang på reint vatn, er plasthanskar og våtserviettar eit alternativ. Hugs å skifte hanskar når dei blir skitne.
- Bruke éin kniv til å sprette opp skinnet ved uttak av indre organ og ein ny, rein og desinfisert kniv når du flår eller deler slaktet. Då hindrar du at bakteriar blir overførte via kniven frå skinn, klauver eller liknande til kjøttet.
- Ta ut bryst- og bukhuleorgan, unnateke nyrene, så snart som råd. Det er spesielt viktig å få ut vom og innvolar utan at dei blir stukne hol på.
- Lær deg korleis du tek ut endetarmen med ein rein plastpose etter at han er ringd ut. Då hindrar du at slaktet blir tilsølt med tarmbakteriar.
- Oppbevar organa i nett, striesekk eller papirsekk.
- Flå slaktet mens det heng. Flåinga blir då meir nøyaktig, og du hindrar at kjøttet blir tilsølt med bakteriar frå skinnet.
- Pass på at skrotten ikkje blir forureina av for eksempel tilhengjar, presenning eller liknande. Bruk gjerne viltpose.
- Rask nedkjøling reduserer bakterievekst og er spesielt viktig når kjøtt skal henge til modning. Sperr ut kroppshola for best mogleg luftsirkulering. Du bør snitte opp store oksar i nakkemuskulaturen.
- Modne kjøttet i lokale der skadedyr (insekt, gnagarar, fuglar) ikkje kan komme inn. Er det ikkje mogleg, bruk viltpose.
Du kan ta kurs i foredling av viltkjøtt: Foredling av hjorteviltkjøtt – Skogkurs (skogkurs.no)
Vilt skoten med blyhaldig ammunisjon
Dersom viltet er skote med blyhaldig ammunisjon, må alt skadd vev og 10 ekstra centimeter i radius rundt skotkanalen bli fjerna for at kjøttet skal kunne betraktast som trygt. Hugs at du ikkje bør gi dette kjøttet til hunden heller.
Dette gjeld uavhengig av om jegeren skal bruke alt kjøttet i eige hushald, om det skal bli gitt bort, eller seljast vidare til private eller til verksemder.
Begrens inntaket av viltkjøtt med blyrestar
Vilt skote i mage eller tarm
Vilt skote i vom eller i tarm er ikkje eigna som mat fordi kjøttet blir forureina med mage- eller tarminnhald. Mattilsynet godkjenner ikkje dyr som er skotne i vom eller tarm, og du kan ikkje selje det.