Enzym
Her finn du informasjon om kva næringsmiddelenzym er, og regelverket som gjeld for desse stoffa.
Vis endring
- Oppdatert tekst om oppretting av unionslista
Det er spesifisert at det vil vere ein overgangsperiode som regulerer når unionslista tek til å gjelde etter at ho er fastsett.
Næringsmiddelenzym er stoff framstilte av plantar, dyr, mikroorganismar eller produkt frå desse. Definisjonen omfattar også produkt som blir framstilte gjennom ein fermenteringsprosess med mikroorganismar.
Enzym hjelper til med visse biokjemiske prosessar i maten. Tilsetting av næringsmiddelenzym skal ha eit teknisk formål under foredlinga, bearbeidinga, behandlinga, emballeringa, transporten eller lagringa av næringsmiddel.
Forordning (EF) 1332/2008 inneheld føresegner om korleis og når enzym kan brukast i mat.
Hovudpunkta er at
- enzymet ikkje må utgjere ein trussel mot helsa til forbrukarane
- det må vere eit rimeleg teknisk behov for å bruke enzymet
- bruken av enzymet ikkje må villeie forbrukarane om eigenskapane til maten
Søknader for godkjenning av nye næringsmiddelenzym
Vil du bruke eit nytt enzym i mat, må du søke om godkjenning. Søknaden blir send direkte til EU-kommisjonen, som sjekkar at søknaden oppfyller alle nødvendige krav. Alle desse krava er lista opp i forordning (EU) 234/2011.
Næringsmiddelet skal alltid vere helsemessig trygt, jamfør matlovens føresegner.
Unionsliste for næringsmiddelenzym
Det blir arbeidd med å fastsetje ei unionsliste for næringsmiddelenzym. For at eit enzym skal bli ført opp på denne lista, må brukaren eller produsenten ha søkt om godkjenning. Unionslista blir fastsett når alle enzyma det vart søkt om før 11. mars 2015, er vurderte. Søknader som er sende inn etter 11. mars 2015, blir behandla i tråd med forordning (EF) 1331/2008, parallelt med dei eldre søknadane. Mange av enzyma i dei nyare søknadene vil derfor også vere inkluderte i unionslista når ho blir fastsett. Etter at unionslista er fastsett, vil det vere ein overgangsperiode som regulerer når unionslista tek til å gjelde.
Fram til unionslista for næringsmiddelenzym tek til å gjelde, gjeld dei generelle krava til mattryggleik, jf. føresegnene i matlova. I tillegg gjeld merkekrava for næringsmiddelenzym i forordning (EF) 1332/2008. Utover dette har enkelte land i EU nasjonale føresegner for næringsmiddelenzym, men det har vi ikkje i Noreg.
Alle næringsmiddelenzym kan derfor brukast i Noreg fram til unionslista tek til å gjelde, dersom trygg bruk kan dokumenterast. Enzymet vil derimot vere ulovleg å bruke etter at unionslista gjeld, dersom det ikkje er oppført på unionslista.
Les meir på EU-kommisjonens nettsider her: EU List and Applications - European Commission (food.ec.europa.eu)
Tekniske hjelpestoff
Mange enzym kan brukast som tekniske hjelpestoff. Tekniske hjelpestoff (processing aids på engelsk) er stoff som hjelper under matproduksjonen. Dei skal ikkje ha nokon effekt i det ferdige produktet. Det kan berre vere uunngåelege restar utan aktivitet i næringsmiddelet. Nokre tekniske hjelpestoff er regulerte, for eksempel ekstraksjonsmiddel som er regulerte i ekstraksjonsmiddelforskrifta.
Les meir her: Forskjellen på tilsetningsstoff og teknisk hjelpestoff
Regelverk
Forskrift om næringsmiddelenzymer
Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no
Forskrift om godkjenning av enzymer mm. i næringsmidler
Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no