Ny mat-status: Sjøpølser (Holothuriodea)

Sjøpølser (Holothuroidea) er ein klasse av pigghuder som omfattar ca. 1200 artar. 32 artar er kjente i Noreg.

Publisert

Sjøpølser som ikkje har blitt brukt som næringsmiddel i Noreg eller i nokon av landa i EØS og EU før 15. mai 1997, er ny mat. Ny mat-status blir vurdert for artar (og ikkje heile slekter eller klassar). Sjå meir om ny mat-definisjonen.

Ny mat må risikovurderast og godkjennast av Europakommisjonen før dei kan omsettast.

Du som skal omsette sjøpølser, må derfor undersøke om den arten sjøpølse du skal omsette er ny mat, før du omset han. Sjå korleis du kan undersøke om sjøpølsa er ny mat.

Sjøpølseartane Holothuria fuscogilva, Holothuria whitmaiei and Holothuria scabra

Det har blitt avgjort ved konsultasjonsprosedyren i ny mat-forordninga artikkel 4 at desse tre artane er ny mat i EU. Det må derfor søkast om ny mat-godkjenning for desse før dei kan omsettast i EU/EØS.

Desse tre sjøpølseartane førekjem i Indo-Stillehavsregionen. Dei finst truleg ikkje i norske farvatn.

Holothuriodea i hygieneregelverket

Klassen sjøpølser (Holothuriodea) er oppførte i EU-regelverket for hygiene. Føresegnene om sjøpølser blei innlemma i hygieneregelverket etter 2015, for å sikre hygienekrav ved eksport. Desse føresegnene kan ikkje brukast som dokumentasjon for ny mat-status av artar av sjøpølser i EU/EØS. Som nemnt ovanfor, må du som skal omsette sjøpølser undersøke om den arten du skal omsette er ny mat, før du kan omsette han.