Hamp (Cannabis sativa), cannabidiol (CBD) og andre cannabinoidar
Hampplanten og fleire av dei kjemiske forbindelsane i hamp er narkotika og forbode å omsette.
Hamp (Cannabis sativa)
Hamp (Cannabis sativa L.) er ein plante i hampefamilien (Cannabaceae), og Cannabis sativa L. er einaste arten i slekta Cannabis. Det finst fleire variantar av Cannabis sativa L., som har ulikt innhald av kjemiske stoff.
Hampplanten (alle delar som er over jorda, unnateke frøa) er narkotika (sjå narkotikalista i forskrift om narkotika (lovdata.no)). Hampplanten inneheld ei rekke kjemiske forbindelsar, og fleire av desse er narkotiske stoff:
- Tetrahydrocannabinol (THC) er det viktigaste psykoaktive verkestoffet. THC er oppført på narkotikalista og er forbode.
- Hamp inneheld også cannabidiol (CBD) og andre cannabinoidar. CBD er ikkje eit narkotisk stoff, men Direktoratet for medisinske produkt (DMP) reknar i utgangspunktet CBD som legemiddel.
- Alle ekstrakt frå hampplanten (uavhengig av innhald) er regulerte av FN sin narkotikakonvensjon og narkotikaforskrifta. CBD-produkt basert på slike ekstrakt er derfor å rekne som narkotika.
- Frø frå Cannabis sativa (hampfrø) er halde unna narkotikadefinisjonen, så lenge dei ikkje inneheld THC.
DMP har ansvaret for regelverket om narkotika og legemiddel. Les meir om CBD og cannabisplanten hos DMP (dmp.no)
Hampfrø
Frø frå Cannabis sativa (hampfrø) er, som nemnt ovanfor, halde unna narkotikadefinisjonen – føresett at dei ikkje inneheld THC.
Næringsmiddel som er produserte frå hampfrø, for eksempel tradisjonell hampfrøolje (kaldpressing), avfeitta hampfrø og mjøl produsert frå hampfrø, har blitt omsett i ulike EU-land før 15. mai 1997. Slike næringsmiddel fell dermed utanfor regelverket for ny mat.
Sjå oppføringa av ny mat-status for Cannabis sativa i ny mat-katalogen (ec.europa.eu),
Merk at nasjonale reglar likevel kan avgrense omsetninga av hampfrø og produkt frå desse som næringsmiddel. THC blir rekna som narkotika i Noreg og er forbode, uavhengig av mengde.
Føresegnene i såvareforskrifta gjeld (sjå Generelt forbod mot omsetning av frø av hamp (Cannabis sativa) nedanfor).
Merk at omtalen under Cannabis sativa i ny mat-katalogen, om tillatne plantevariantar i samsvar med EU sin felles katalog over plantevariantar, ikkje er relevant for Noreg. Noreg tillèt ikkje dyrking av hamp. Landbruk og landbruksvarer er heller ikkje ein del av EØS-avtalen.
Cannabidiol (CBD) og andre cannabinoidar
CBD eller andre cannabinoidar som cannabinol (CBN) og cannabikromen (CBC), er forbode å omsette i Noreg og i EU.
Det ligg ikkje informasjon føre om at verken CBD eller andre cannabinoidar (reine stoff), ekstrakt frå Cannabis sativa (inkludert CBD-ekstraktar) eller avleidde produkt har vore brukte som næringsmiddel i EØS før 15. mai 1997. Sjå oppføringa av ny mat-status for cannabinoidar i ny mat-katalogen (ec.europa.eu) (ec.europa.eu).
EU-kommisjonen har ikkje gitt ny mat-godkjenning for nokon av desse stoffa per våren 2024, og dei er dermed forbodne å bruke i næringsmiddel i samsvar med ny mat-regelverket.
Merk at bruk av stoffar og plantar som er oppført i den norske narkotikaforskrifta uansett vil vere forboden.
Søknader om godkjenning av CBD er sette på vent
EU-kommisjonen har fått ei rekke søknader om godkjenning av CBD som ny mat. Ein del av søknadene er sende over til European Food Safety Authority (EFSA) for risikovurdering. EFSA sette likevel risikovurderinga av søknadene på vent 7. juni 2022 (efsa.europa.eu), og dette er framleis status per 1. mars 2024.
EFSA publiserte eit “*statement“, der dei konkluderer at det på grunnlag av tilgjengelege data ikkje er mogleg å konkludere at CBD er helsemessig trygt (EFSA Statement on safety of cannabidiol as a novel food: data gaps and uncertainties (efsa.europa.eu)). EFSA har identifisert fleire skadelege effektar relatert til CBD-inntak, og desse kunnskapshola må fyllast før vurderingane kan fullførast. Dette er ansvaret til søkarane.
Generelt forbod mot omsetning av frø av hamp (Cannabis sativa)
I Noreg er det forbode å importere og omsette frø av Cannabis sativa (hamp). Hampfrø utan skal og mjøl av hampfrø og liknande til bruk som mat eller fôr kan likevel importerast under visse føresetnader.
Les meir om import og omsetning av hampfrø (frø av Cannabis sativa L.)