Råd for oppbevaring av mat og drikke

Bli kjend med korleis du bør oppbevare matvarer for å få lengst mogleg haldbarheit.

Fagleg gjennomgått

Å halde mat og drikke fersk lenger gjer at du

  • unngår å bli sjuk
  • sparer ressursar og miljøet
  • sparer pengar

Oppbevaringstipsa nedanfor hjelper deg med å redusere matsvinn.

Kva næringsmiddel er mest sårbare?

Lettskjemt mat

Somme matvarer blir lettare øydelagde enn andre, og dei mest sårbare blir kalla "lett­skjemte". Dette er mat­varer som raskt vil bli øydelagde eller ubrukelege, og som blir merkte med "siste forbruks­dag". Bakteriar veks lett i kjøtt, mjølk, fisk og egg­produkt, og desse er derfor eksempel på matvarer som kan vere lettskjemte.

Mat med kort haldbartid er som regel matvarer med

  • høg fukt (vassinnhald)
  • nøytral pH (surgrad)
  • samansette ingrediensar
  • ingen naturlege eller kunstige konserveringsmiddel

Du må vere ekstra påpasseleg med å oppbevare desse rett og handtere dei på ein god måte.

Ein god måte å få oversikt over sårbare produkt på er å setje seg inn i kostråda for barn, gravide, personar med nedsett immun­forsvar og eldre. Risikogrupper skal alltid følge kostr­åda. Desse produkta kan du som frisk og rask nyte og ete, men råda gir deg god kunnskap om slike sårbare produkt.

Førebygging av matboren smitte i helseinstitusjonar (fhi.no)

Mat som er meir haldbar og ikkje så lettskjemt

Mat og drikke som er konservert på annan måte, for eksempel ved syrning, salting, speking, tørking, hermetisert eller frosen, er vanlegvis ikkje lettskjemt. Her har ein senka pH eller fjerna vatnet, slik at mikro­organismar trivst dårlegare. Dei sluttar å vekse, går i dvale eller døyr.

Tørr mat som spekemat og havre­gryn kan lagrast lenger enn mat med høg fukt, som kjøtt­deig og fersk fisk. Mat med mykje sukker, salt eller syre, for eksempel honning, sukkertøy, klipp­fisk og sennep, er ofte meir haldbare enn varer utan dette.

Når matvarene er riktig innpakka, er dei i mindre grad utsette for påverking frå omgivnadene.

Kor lenge ulike matvarer vil halde seg før dei eventuelt blir dårlege, kjem an på kva typar råvarer og mat­rettar det dreier seg om, og forhold rundt produksjon, distribusjon og lagring.

Tips når du handlar i butikken

  • Planlegg handlinga. Skal du ut på ein omfattande handle­runde, bør du gjere matinnkjøpa heilt til slutt.
  • Korleis varene er plassert i butikken, for eksempel i kjøleskap eller frysedisk, gir gode retningslinjer for vidare oppbevaring heime hos deg. Les merkinga på emballasjen viss du er usikker på korleis du skal oppbevare ei vare.
  • Sjekk temperaturen i kjøle- og frysedisken.
  • Ver merksam på korleis varene i kjøle- og fryse­disken er stabla. Viss stabelen er høg, er det ikkje sikkert at dei øvste varene er kalde nok. Mykje is/snø rundt eller inne i emballasjen er eit teikn på at matvara har vore utsett for temperatur­svingingar.
  • Sjekk at matvarer merkte med "siste forbruksdag" er innanfor haldbardato.
  • Ikkje kjøp emballerte matvarer som er skadde eller opna. Sjekk også at hermetikk er tett.
  • Bakteriar veks lett i melonar. Du bør derfor sjekke at melonen er heil og utan skadar. Oppdelt melon finn du i kjøle­disken.
  • Plasser den djupfryste maten nedst i handle­posen. Fyll deretter på med dei matvarene som har størst behov for kjølig lagring.

Oppbevaring av mat og drikke i skap

Tørrvarer blir oppbevarte best i tørre og reine hyller under 25 ºC, i lukka posar eller behaldarar. Eksempel på slike varer er mjøl, sukker, salt, brød, suppe­posar, mjølke­pulver med meir. Blir det tilført fukt til tørrvarer, vil mikro­organismar vekse.

Nokre matvarer som kan stå i romtemperatur når dei er uopna, må oppbevarast i kjøleskap etter at dei er opna. Dette gjeld varer som hermetisk lukka metall, glas eller kartong.

Bruk eit anna skap for reingjerings­produkt og hushalds­kjemikaliar for å forhindre ulykker, og pass på at maten ikkje tiltrekker seg insekt og gnagarar.

Hvor lenge holder tørrvarene i matskapet? (matvett.no)

Oppbevaring i kjøleskap

Temperaturen i kjøleskapet

Kjøleskapet bør vere under 4 ºC, men over –1 ºC. Plasser eit termometer inne i kjøleskapet og hald kontroll med temperaturen.

Reint og ryddig kjøleskap

Hald kjøleskapet reint og ryddig og unngå at det blir for fullt. I eit overfylt kjøle­skap blir det for lite luft­sirkulasjon, og det kan føre til at temperaturen blir for høg. Pakk matvarer som kjøtt og fisk godt inn, slik at du unngår avrenning. Tørk opp eventuelt søl omgåande. Søl gir vekst av mikro­organismar, sjølv om veksten går seint i kjøleskap.

Plassering av dei ulike matvarene i kjøleskapet

Rått kjøtt og rå fisk kan innehalde sjukdoms­framkallande smittestoff. Desse smitte­stoffa blir drepne under varmebehandling. Det er viktig å halde kokte eller ete­ferdige matvarer skilde frå rå matvarer, for å hindre avrenning frå rått til kokt eller eteferdig mat.

Nedkjøling av matvarer

Ikkje sett varm mat i kjøleskapet. Plasserer du varm mat i kjøleskapet, vil temperaturen i skapet stige og skape kondens, noko som gir gode vekst­moglegheiter for bakteriar.

Mat som skal oppbevarast kjølig, må haldast kald. Det kan vere lurt å bruke ein kjølebag når du handlar på varme dagar eller skal på tur, eventuelt leggje eit kjøleelement i sekken.

Kjenn kjøleskapet ditt (matvett.no)

Heimelaga mat og middagsrestar

Det er ikkje mogleg å gi ei generell haldbarheits­tid for heimelaga mat, men viktige føresetnader som vil forlenge haldbarheita er

  • reine og friske råvarer
  • god hygiene under handtering og tillaging
  • rask nedkjøling
  • korrekt temperatur i kjøleskapet eller frysaren
  • at maten er pakka i eigna og tett emballasje

Nyleg varmebehandla mat som skal oppbevarast eller etast kald, må avkjølast raskt før han blir sett i kjøleskapet. For å hindre at svært mange bakteriar veks opp under ned­kjølinga, bør temperaturen senkast frå 60 ºC til 10 ºC raskast mogleg, men seinast i løpet av to timar. Dette gjeld særleg rettar med lettskjemte ingrediensar som kjøtt, fisk, mjølk med meir.

Del maten opp i mindre porsjonar ved å bruke mindre behaldarar ved nedkjølinga. Eventuelt kan du sette gryta i kaldt vatn og røre rundt utan lokk for hurtig nedkjøling. Ikkje sett på lokk eller pakk inn matvara under nedkjøling, da det vil hindre fjerning av overskots­varme.

Kjøper du mat ute, så følg tommelfinger­regel om to timar. Enten det er restar, takeaway eller nettopp kjøpt, er det viktig å avkjøle og sette mat i kjøleskapet innan cirka to timar.

Restemat held seg i kjøleskap i to til fire dagar. Bruk sansane og vurder maten før du et han. Skal du ikkje ete maten i nærmaste framtid, frys han med ein gong.

Når det gjeld ris, bør du berre koke den mengda du treng til kvart måltid.Kokt ris og pasta som står fremme, kan lage giftstoffer

Matvarer utan emballasje og matrestar bør ikkje ligge ope i kjøleskapet eller frysaren, men pakkast inn eller puttast i boksar med lokk, slik at dei ikkje forureinar annan mat i kjøle­skapet, tar smak eller tørkar ut. Det er spesielt viktig å unngå kontakt mellom rå og ferdiglaga mat.

For nærings­middel som ikkje er lettskjemte, som brød og syrna mjølke­produkt som yoghurt, kan misfarging, lukt, smak eller synleg vekst av mugg vere ein indikasjon på at mikro­organismane har tatt overhand, og du ikkje bør ete produktet.

Kva gjer du med muggen mat og drikke?

Oppbevaring i frysar

Ha oversikt over kva du har i frysaren, og bruk frysematen din.

Haldbarheit på mat i frysaren

Du kan fryse omtrent alle nærings­middel før haldbarheits­datoen og halde han trygg i årevis. Det er store variasjonar i kor lenge ulike typar mat held same kvalitet ved fryselagring. Kvaliteten vil reduserast etter 3–12 månader, avhengig av produktet. Frosne matvarer anbefaler vi å sjå, lukte og smake på for å vurdere kvaliteten.

For kjøttprodukt vil haldbarheita blant anna avhenge av feitt­innhald i produktet. Feitt er det første som harsknar, så magert kjøtt har generelt lenger haldbarheit enn kjøtt­produkt med høgare feitt­innhald. Storfekjøtt og vilt­kjøtt vil for eksempel halde seg lengre enn salt kjøtt med mykje feitt. Er du usikker på ei matvare, kontakt produsenten.

Bruk fryseren for å redde mat (matvett.no)

Ha kontroll med temperaturen i frysaren

Sjekk termometeret i frysaren. Temperaturen skal vere –18 °C eller lågare.

Det er viktig at temperaturen i frysaren blir halden stabil. Is/snø rundt og i emballasjen kan vere eit teikn på uheldige temperatur­svingingar. Is/snø i frysaren verkar isolerande, og frysaren blir for varm. Da bør du avrime frysaren din.

Ikkje sett varm mat og drikke i frysaren

Varme matvarer vil auke temperaturen i frysaren. Kjøl ned og frys gjerne i mindre behaldarar.

For at kvaliteten på matvarene skal vere best mogleg, må innfrysinga skje så raskt som mogleg og før siste forbruksdag.

Tin frosen mat rett

Frosen lettskjemt mat bør tinast raskt i mikrobølge­omn viss maten skal lagast med ein gong. Tin i kjøleskap, det går saktare, men er tryggare, eller tin maten i kaldt rennande vatn i tett emballasje. Unngå å tine frosen lettskjemt mat på kjøkken­benken, da tida i romtemperatur blir for lang, og du kan få svært mange bakteriar i maten.

I mikrobølge­omn vil maten varmast opp ujamt, og det vil bli "kalde" og "varme" stader der mikrobar kan overleve. Derfor må du passe på å røre slik at alle delar av maten er gjennom­varme, når du tinar og varmar opp frosne middagsrestar i mikrobølge­omnen.