Hermetikkboksar skal vere heile og uskadde
Viss ein hermetikkboks har bulkar eller om han bular ut, bør du ikkje ete innhaldet.
Hermetikkboksar som inneheld mat, skal vere heile og uskadde. Dersom ein boks er bulka, skadd eller bular ut, kan det bety at innhaldet ikkje er trygt.
Ein bulk kan føre til at boksen ikkje er tett, og da kan luft og bakteriar komme inn og gjere maten utrygg. Buling kan vere eit teikn på at bakteriar har vakse i maten og danna gass inne i boksen.
Du kan ikkje alltid sjå, lukte eller smake om maten er trygg. Derfor anbefaler vi at du ikkje et mat frå hermetikkboksar med skadar.