Råd ved kjøp av kjøkkenreiskapar på nett
Ver kritisk ved kjøp av kjøkkenreiskapar, emballasje og andre gjenstandar som skal komme i kontakt med mat, frå utanlandske nettsider. Produkt kan vere produserte under andre reglar enn dei som gjeld i Noreg.
Det kan vere heilt greitt å kjøpe kjøkkenutstyr, matboksar, drikkeflasker osb. på internett, men det er lurt å bruke litt tid på å undersøke nettbutikken og produkta.
Slik handlar du trygt kjøkkenutstyr på nett
- Unngå å kjøpe kjøkkenreiskap, emballasje og liknande til mat frå nettbutikkar utanfor EU/EØS. Desse følger ikkje nødvendigvis det same, strenge regelverket som vi har i Noreg.
- Kjøp berre frå nettsider som verkar seriøse og der du får god informasjon om produkta og om produsent, for eksempel kontaktopplysingar.
- Sjekk at produktet faktisk eignar seg for kontakt med mat, for eksempel om det er merkt med "glas og gaffel-symbol": Sjekk om emballasjen er eigna
- Sjekk eventuelle bruksavgrensingar. Viss produktet ikkje toler bruk ved høge temperaturar, i mikrobølgeomn eller liknande, skal du få informasjon om dette.
Noreg og EU har strenge reglar som skal sikre at produkta er trygge i kontakt med mat. Norske nettbutikkar har ansvar for at produkta dei sel, overheld regelverket.
Plastmateriale kan for eksempel berre innehalde plastutgangsstoff og tilsetningsstoff som er godkjente av EU. Desse stoffa er risikovurderte av EUs mattryggleiksorgan, EFSA.
Det er grenseverdiar for kor mykje av desse stoffa produkta kan gi frå seg til maten. Kjøper du for eksempel servise av melamin direkte frå Asia, kan det hende at serviset gir frå seg meir formaldehyd til maten enn det som er tillate i EU/EØS. Dette kan gi ein auka risiko for helsefare.
Sjekk òg