Blåsyre i linfrø
Linfrø inneheld cyanogene glukosid som kan frigjere blåsyre (hydrogencyanid, HCN) i magen. Kroppen skil ut noko av blåsyra, men for store mengder kan vere skadelege.
Når linfrø blir knuste eller malne, blir innhaldet meir tilgjengeleg for kroppen. Det aukar risikoen for å få i seg skadelege mengder blåsyre. Dersom knuste eller malne linfrø blir kokte eller tilberedte med varme og væske, vil noko av blåsyra forsvinne.
Ifølgje Livsmedelsverket i Sverige fører éi til to spiseskeier heile linfrø per dag ikkje til forgifting hos vaksne. Les meir hos Livsmedelsverket: Cyanogena glykosider och vätecyanid (livsmedelsverket.se)