Tannbleiking

Tannbleiking er prosessen som blir brukt for å gjere overflata på tennene kvitare.

Innhald på denne sida

  1. Hydrogenperoksid i tannbleikemiddel
  2. Peroksidfrie tannbleikemiddel
  3. Kvifor tannbleiking berre bør skje hos tannlegen
  4. Råd om tannbleiking til forbrukarar
  5. Ulovlege tannbleikemiddel

Hydrogenperoksid i tannbleikemiddel


Peroksidfrie tannbleikemiddel

Peroksidfrie tannbleikemiddel har ingrediensar som syrer, basar, oksid og slipemiddel.

Når det gjeld bruk av syrer på tannemaljen, er ikkje desse stoffa regulerte på same måte som hydrogenperoksid.

Det er den som har produsert produktet eller tatt det inn til EU/EØS, som skal sjå til at det er gjennomført nødvendige studiar av produktet, og at det er trygt.


Kvifor tannbleiking berre bør skje hos tannlegen

Tannbleiking kan ha alvorlege biverknader, og det er viktig at ein tannlege undersøker tennene og emaljen før ei eventuell behandling startar.

Tannbleikemiddel som blir selde direkte til forbrukar, kan ikkje innehalde meir enn 0,1 % hydrogenperoksid. Konsentrasjonar av aktivt verkestoff på opptil 0,1 % er ikkje tilstrekkeleg for ein god klinisk effekt. Det er berre tannlegar som kan utføre bleiking av tenner og drive med sal av tannbleikemiddel som inneheld opptil 6 % hydrogenperoksid.

Tannpleiarar kan utføre tannbleiking dersom det skjer under direkte oppsyn av ein tannlege, og viss det blir garantert eit tilsvarande sikkerheitsnivå. Det er ikkje tillate å få bleikt tenner på ein hudpleieklinikk eller liknande, med mindre det er ein tannlege som utfører tannbleikinga, eller det skjer under direkte oppsyn av ein tannlege.

Personar som ønsker å bleike tennene, må vere over 18 år for å få gjennomført ei tannbleiking.


Råd om tannbleiking til forbrukarar

Her er råda våre til deg som vil bleike tennene dine.

  • Ta alltid kontakt med tannlege om du vil bleike tennene dine.
  • Bruk alltid kosmetiske produkt slik brukarrettleiinga seier.
  • Ikkje bruk kosmetiske produkt som manglar merking. Sjekk for eksempel om produktet har ei europeisk ansvarleg verksemd. Les meir om merking av kosmetiske produkt.

Dersom du som forbrukar har spørsmål om marknadsføring eller abonnementsavtalar for slike produkt, kan du vende deg til tvisteløysingsavdelinga til Forbrukartilsynet (forbrukertilsynet.no) eller Forbrukarrådet (forbrukerradet.no).

Kosmetikk og kroppspleieprodukt frå utlandet

Du som forbrukar er sjølv ansvarleg ved innførsel av kosmetikk og kroppspleieprodukt til privat bruk. Du bør vere klar over kva du kjøper og tenker å bruke. EU har eit strengare regelverk enn andre land. Noreg har igjen reglar og tilrådingar for norsk merking og enkelte ingrediensar. Produkt som blir rekna som ulovlege, kan bli stoppa av tollmyndigheitene ved innførsel til Noreg. Mattilsynet har tidlegare nedlagt omsetningsforbod på ei rekke ulike tannbleikemiddel.


Ulovlege tannbleikemiddel

Bruk av ulovleg høge konsentrasjonar av hydrogenperoksid kan forårsake alvorlege skadar på tannkjøttet og tennene.

Etter tilsyn med åtte tannbleikemiddel selde på nett i 2023, blei sju produkt trekte frå marknaden, og fem fekk omsetningsforbod. Det er likevel ein risiko for at to produkt med ulovleg høgt innhald av hydrogenperoksid framleis blir omsette gjennom andre kanalar, som Finn.no eller via sosiale medium.

Mattilsynet åtvarar mot bruk av følgande produkt:

Bilete av to ulike pakker med tannbleikemiddel. Produkta er omtalte i teksten.

Advanced teeth whitening system

Tannbleikemiddelet "Advanced teeth whitening system" er eit registrert varemerke frå Dental Bright Technology Co, Ltd., og norsk leverandør er The Dahl Family Norway som opererer frå Filippinane. Leverandøren har lagt ned den norske nettsida si; prisgarantist1.no, men det er mogleg at forbrukarar i Noreg framleis har tilgang på produktet via andre nettsider.

Vaclav Teeth PRO Whitening Pen, Mint Flavor

Tannbleikingspennen "Vaclav Teeth PRO Whitening Pen, Mint Flavor" blei seld av ISHOP AS, med nettadressene ishop.no og skinup.no. ISHOP AS har trekt produktet tilbake. Det er likevel ei moglegheit for at produktet er å få tak i via andre kanalar.