Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje
Bruk av parfyme og parfymerte produkt kan gi allergi. Nokre parfymestoff er særleg allergiframkallande og må merkast med namn, men også andre stoff og kryssallergi kan føre til reaksjonar.
Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje
Parfymar kan bestå av svært mange ulike stoff. Dette gjer det vanskeleg å finne ut kva stoff ein er allergisk mot.
Mange produkt merkte med samleomgrepa "parfum" eller "aroma" utan at enkeltstoffa er oppgitte.
Derfor er det eigne krav om at namnet på dei mest allergiframkallande parfymestoffa skal stå i ingredienslista. I dag gjeld dette kravet for 24 stoff, og ytterlegare 56 stoff vil bli omfatta av kravet innan 2028.
Dei nye stoffa er omfatta av ein overgangsordning, slik at produkt som ikkje oppfyller krava
- ikkje skal plasserast på marknaden etter 31. juli 2026
- dei som allereie vart plassert på marknaden, kan omsettast til 31. juli 2028
Til saman er 80 parfymestoff identifiserte som særleg allergiframkallande.
Eit parfymestoff kan vere allergiframkallande sjølv om det ikkje står på denne lista.
Kva bør du vere merksam på?
- Kryssallergi kan oppstå frå andre produkt med parfymekomponentar, til dømes såpe, vaskemiddel og oppvaskmiddel.
- Både naturlege og syntetiske stoff kan gi allergi.
- Jo lenger eit produkt er i kontakt med huda, jo større er risikoen for allergi.
- Produkt som blir verande på huda (kremar, lotion, deodorantar og parfyme) inneber større risiko enn produkt som blir skylde av.
Les meir om kva biverknader som er vanlege, korleis vi blir utsette for desse stoffa, og kva vi kan gjere for å unngå duftstoff på FHI si nettside:
Biverknadar av parfyme og duftstoff (fhi.no)
Slik les du ingredienslista
Dei mest allergiframkallande duftstoffa skal vere oppførte med namn i ingredienslista.
Det er likevel ikkje krav om å merke desse som allergen på same måte som i matvarer (der allergen også blir framheva, til dømes med feit skrift).
I dag må 24 duftstoff merkast med namn. Denne lista blir i løpet av perioden frå 2026 til 2028 utvida til å omfatte til saman 80 duftstoff.
Parfymestoff som ikkje er omfatta av krava, vil være merkte som "parfum" eller "aroma".
Andre parfymestoff enn dei som står på lista, kan også gi allergiske reaksjonar.