Methylisothiazolinone (MI) i kosmetikk
Methylisothiazolinone (MI) er eit konserveringsmiddel som blant anna blir brukt i kosmetikk. Stoffet kan gi allergi, og det er derfor strenge reglar for korleis det kan brukast.
MI blir brukt i mange typar produkt, for eksempel måling, men kosmetikk kjem tett på huda. Derfor er risikoen for allergi særleg høg for kosmetiske produkt. Reglane for MI i kosmetikk handlar både om kva produkt stoffet kan brukast i, og kor mykje stoff det kan vere i produktet (konsentrasjon).
Berre lov i produkt som skal vaskast av
MI er forbode i produkt som ikkje blir vaska av. Dette inkluderer også våtserviettar og hårpleieprodukt som ikkje skal skyljast ut.
MI er likevel tillate i produkt som blir skylde av huda, men berre i ein svært låg konsentrasjon.
MI blir også nytta som konserveringsmiddel i blanding med methylchloroisothiazolinone (MCI). Ein låg konsentrasjon av blandinga MCI/MI blir rekna som trygt og er tillate i produkt som blir vaska av etter bruk. Blandinga er forboden i produkt som ikkje skal vaskast av.
Det er ikkje tillate å bruke MI saman med blandinga MCI/MI.
Symptom, handtering og førebygging
MI kan forårsake ein type eksem kalla allergisk kontaktdermatitt, og typiske symptom inkluderer raudleik, brennande eller stikkande kjensle i huda, hevelsar, blemmer og skorpedanning i huda.
Reagerer du allergisk på eit produkt, bør du slutte å bruke det. Blir det eit stort problem for deg, bør du snakke med legen din om dette.
Viss du er frisør eller på andre måtar arbeider med denne typen stoff i profesjonell samanheng, bør du prøve å avgrense hudeksponeringa. Du kan for eksempel vaske hudområdet slik at produkt ikkje regelmessig blir på huda over lenger tid, eller du kan bruke hanskar.
Du kan varsle om biverknader av kosmetikk
Regelverk
- Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter
- Forordning (EF) nr. 1223/2009, artikkel 14 og vedlegg V
Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter
FOR-2013-04-08-391: kapittel-1-paragraf-1 Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no
Forordning (EF) nr. 1223/2009, artikkel 14 og vedlegg V
FOR-2013-04-08-391: kapittel-7-kapittel-1-kapittel-1-kapittel-4-paragraf-1FOR-2013-04-08-391: kapittel-7-kapittel-1-kapittel-1-kapittel-16 Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no