Krav til verksemdene på fôrområdet

Det er ikkje tilstrekkeleg at fôret som dyra får, oppfyller krava i regelverket. Verksemdene på fôr­området må også ha hatt kontroll med innsats­faktorane og framstillings­prosessane som endar opp i slutt­produktet.

Publisert

Det er utarbeidd utfyllande reglar for krava til system hos verksemdene på fôrområdet. Dette dokumentet gir ei oversikt over system­krava som gjeld verksemdene.

Sjølvstendig ansvar for trygt fôr

Verdikjeda for fôrvarer består av mange ledd. Verksemdene på kvart ledd har eit sjølvstendig ansvar for å etterleve krav i regel­verket og sikre trygt fôr.

Den gruppa verksemder som blir omtalte som "primær­produsentar av fôr" med tilknytte aktivitetar, har litt mindre strenge krav til kvalitetssikringssystem enn resten av verksemdene. Primær­produsentar av fôr omfattar dei verksemdene som haustar frå jorda eller havet til fôr utan å foredle produkta, og dessutan dei verksemdene som fôrar dyr berekna til matproduksjon. Primær­produsentar av fôr omfattar tradisjonelt landbruk og oppdrett av mat­produserande dyr inkludert fiskeoppdrett.

Legg merke til at bønder som blandar eige fôr der det blir brukt tilsetningsstoff, ikkje er primærprodusentar av fôr.

Kven er omfatta av krava?

Alle som produserer, transporterer, lagrar og omset fôrmiddel, tilsetningsstoff og fôrblandingar, men også dei som dyrkar/haustar fôr og dei som fôrar mat­produserande dyr, er omfatta av system­krava. Dei fleste system­krava finn vi i forskrift om fôrhygiene, men det er også andre regelverk som er relevante.

Verksemder som produserer fôrmiddel av animalsk opphav og fôr til dyr som ikkje er mat­produserande, finn systemkrava i biprodukt­regelverket.

Må ha kvalitetssikringssystem

For å kunne oppfylle krava til fôr må alle verksemdene på fôr­området ha fokus på kva farar som kan oppstå i produksjonen sin og som kan få noko å seie for fôr- og mat­tryggleik. Det må ta dei nødvendige forholds­reglane og styre innkjøpa sine og produksjonen sin på ein måte som hindrar at desse farane oppstår og/eller sikre at dei blir haldne under eit visst nivå.

For å få til dette må alle verksemdene ha sett i verk eit kvalitets­sikrings­system som dekkjer alle aktivitetane verksemda omfattar.

Sjå også Veileder om HACCP i fôrvirksomheter.

Registrerte og godkjente aktørar

Systemkrava omfattar blant anna at alle verksemdene skal vere registrerte eller godkjente av Mattilsynet og med det underlagte offentleg kontroll. Dei skal innføre kvalitets­styring, og dei skal kunne sikre full sporbarheit.

Det er også berre tillate å kjøpe varer og tenester frå aktørar som er registrerte/godkjente og står på Mattilsynets liste over registrerte/godkjente fôrføretak.

Lister over godkjente produkt og verksemder