Nasjonal forskrift om tiltak mot pankreassjukdom (PD)
PD-forskrifta deler kysten inn i ei eiga PD-sone frå Jæren til Nord-Trøndelag og to overvakingssoner for resten av kysten.
Formålet i PD-forskrifta (lovdata.no) er å redusere konsekvensen av sjukdommen i PD-sona, å hindre at PD etablerer seg i overvakingssonene og å avgrense utbreiinga av virusvariantane SAV 3 og SAV 2.
I PD-sona frå Jæren til Nord-Trøndelag er sjukdommen utbreidd. Derfor skal det brukast førebyggande tiltak for å redusere konsekvensane av sjukdommen i denne sona.
Merk at Mattilsynets nedkjempingsplan for PD som blei publisert i 2020, gir ei meir inngåande beskriving av regelverk som har noko å seie for kontroll med PD, og korleis ein skal forstå dette regelverket.
I overvakingssonene skal ein forhindre at sjukdommen etablerer seg. PD-forskrifta gir Mattilsynet større fleksibilitet i handtering av utbrot i denne sona ved at utbrot ikkje automatisk fører til omgåande utslakting. Mattilsynet skal heile tida vurdere kva tiltak som er best når nye utbrot skjer.
Erfaring viser at PD i område med god anleggsstruktur lettare kan kontrollerast med samordna drift og brakklegging.
Gjennom kontrollområdeforskrifter kan Mattilsynet tillate PD-smitta fisk å stå til slaktemoden storleik dersom han ikkje representerer ein stor smitterisiko.
Transport
Transportforskrifta er oppdatert for å samle krav som gjeld brønnbåtar: Forskrift om endringar i i forskrift om transport av akvakulturdyr (regjeringen.no)
Sjå òg
- Skjerpar kampen mot laksesjukdom (regjeringen.no)
- Kart over PD-sone og overvakingssonene: Barentswatch Fiskehelse (barentswatch.no). Vel Innstillinger og Nasjonal PD-sone i menyen.