Smittepress frå lakselus
Kvar veke publiserer Havforskingsinstituttet rapportar som viser smittepresset frå lakselus i dei ulike produksjonsområda.
Havforskingsinstituttet utarbeider rapportane på oppdrag frå Mattilsynet. Rapportane gir oppdrettarane viktig kunnskap som dei kan bruke i det førebyggjande arbeidet mot lakselus.
For kvart produksjonsområde viser rapportane:
- sjøtemperaturar per veke samanlikna med tidlegare år (frå 2012)
- talet på fisk i sjøen
- samla tal rapporterte holus
- berekna samla utslepp av nyklekte luselarvar frå alle anlegg som rapporterer i produksjonsområdet
- berekna utslepp av luselarvar per anlegg, som viser variasjon mellom anlegga i produksjonsområdet
- tettheit av smittsame lakseluslarvar per kvadratmeter
- kart som viser spreiing av lakseluskopepodittar mellom lokalitetar i kvart produksjonsområde i ein definert periode
Du finn både nye og tidlegare rapportar i menyen på venstre side i lakseluskartet (hi.no).
Les meir: