Sjuke dyr må få forsvarleg behandling
Når du har dyr, har du ansvar for at dyra dine får forsvarleg behandling. Du har også ansvar for å kontakte veterinær viss dyra dine treng det.
Dersom du har mistanke om at det er smittsam sjukdom i anlegget ditt, har du ansvar for å hindre at smitten spreier seg. Dette gjeld både smitte både mellom dyr i dyrehaldet ditt og smitte til andre dyrehald. Du skal også hindre smitte til menneske.
Regelverk
Dyrevelferdsloven
LOV-2009-06-19-97: kapittel-2-paragraf-3 Sjå heile lova (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no
Dyrehelseforskriften
FOR-2022-04-06-631: kapittel-7-paragraf-2 Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no