Smittesluse i anlegg med næringsretta dyrehald
Driftsansvarleg for anlegg med næringsretta dyrehald har ansvar for å førebygge smitte.
Driftsansvarleg i anlegg med næringsretta dyrehald skal blant anna sørge for:
- Smittesluse: Ei smittesluse skal hindre at smitte kjem inn i eller ut av området der dyra dine blir haldne. Varmt og kaldt vatn skal vere tilgjengeleg i smitteslusa. Tenk gjennom korleis du kan forme ut slusa slik at brukarane lett kan vaske hender og utstyr og ta på seg overtrekksstøy og sko. Under "Slik gjer du" ser du eit eksempel på korleis ei smittesluse kan sjå ut.
- Eigen døyr/port for inn- og utlasting av dyr: Det må vere ei eiga dør eller ein port som blir brukt til å laste dyr inn eller ut. Dette kravet gjeld ikkje for pelsdyr eller for dyrehald i driftsbygningar eller liknande som blei bygget før 1. januar 2020, og som ikkje har blitt vesentleg ombygget etter 1. januar 2020.
- Ei dør eller anna innretning som berre blir brukt av tankbilsjåførar som hentar mjølk: Dette kravet gjeld berre viss du driv med mjølkeproduksjon.
Slik skal ei smittesluse se ut
Det er ingen fasitsvar for korleis ei smittesluse skal sjå ut. Det viktige er at ho fungerer i praksis slik at besøkande ikkje bringar smitte inn eller ut av dyrehaldet ditt.