Alle som driv anlegg med næringsretta dyrehald må ha kurs i dyrehelse
Du som har dyr, må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse. Slik bevarer vi den gode dyrehelsa i Noreg.
Viss du driv anlegg med næringsretta dyrehald, skal du ha gjennomført eit kurs om dyrehelse. Du må også ta oppdateringskurs ved behov.
Nye driftsansvarlege må gjennomføre kurset i løpet av det første året som driftsansvarleg.
Kravet betyr blant anna at du skal ha kunnskap om
- sjukdommar hos dyr
- sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske
- førebyggande tiltak mot smitteoverføring
- utvikling av antibiotikaresistens og konsekvensen av dette
- samanhengen mellom dyrehelse, dyrevelferd og folkehelse («one health»/ «éi helse»)
- kva dyra dine treng for å ha det bra og halde seg friske
Kva er næringsretta dyrehald?
Med anlegg med næringsretta dyrehald meiner vi
- alle dyrehald med storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr eller fjørfe
- som får produksjonstilskot for dyrehald
- og/eller har ei omsetning som overstig grensa for å vere meirverdiavgiftspliktig for dyrehald
- alle anlegg der dyr av kamelfamilien blir halde, uavhengig av størrelse, produksjonstilskot og omsetning
Kor kan eg ta kurset?
Ta kontakt med næringsorganisasjonen din for oppfordringar om kompetansekurs i dyrehelse.
Mattilsynet godkjenner ikkje slike kurs, og har derfor ikkje oversikt over dei.
Unntak
Du treng ikkje å gjennomføre kurs dersom du kan dokumentere kompetanse i dyrehelse på agronomnivå eller høgare.
Kravet om kurs gjeld heller ikkje for dyresamlingar, dyrehagar, sirkus eller besøksgardar.