Ikkje tillate å bruke legemiddel med kloramfenikol til matproduserande dyr
Det er ikkje tillate å bruke legemiddel med verkestoffet kloramfenikol til matproduserande dyr. Dette gjeld også for hestar som ikkje er tatt ut av matkjeda.
Kloramfenikol er eit stoff som ofte finst i legemiddel som blir brukte til lokalbehandling av augebetennelsar.
Kan ikkje levere mjølk eller dyr til slakt
Dyr som blir nytta til å produsere mat, kan ikkje behandlast med legemiddel som inneheld kloramfenikol. Dette gjeld sjølv om du ikkje har planar om å slakte dyra dine.
Viss du har gitt augesalve med kloramfenikol, må du vere klar over følgande:
- Dyr som er behandla med legemiddel med verkestoffet kloramfenikol, kan ikkje slaktast eller bli selde/gitt til andre.
- Du kan ikkje levere mjølk frå desse dyra.
- Mjølka kan heller ikkje brukast til dyrefôr.
- Dette gjeld også hestar som ikkje er tatt ut av matkjeda ved å bekrefte dette i hestepasset.
- Slakt og mjølk frå dyr som har fått legemiddel med kloramfenikol, må derfor kasserast.
Det er viktig at føreskrivne legemiddel til dyr berre blir nytta for den aktuelle sjukdommen og til det dyret det er føreskrive til.
Tap for dyreeigar i samband med kassering av dyr og mjølk blir ei sak mellom dyreeigar og veterinæren som har føreskrive legemiddelet.
Du kan ikkje selje eller gi bort dyra til andre
Dersom du har dyr som vanlegvis blir rekna for å vere produksjonsdyr (for eksempel sau og geit), som har blitt behandla med legemiddel som inneheld kloramfenikol, vil du få eit vedtak frå Mattilsynet. I vedtaket får du informasjon om at du ikkje kan levere dyra eller eventuell mjølk frå dyra til matproduksjon.
Du vil også få eit vedtak om bandlegging. I praksis betyr dette at du ikkje kan gi bort eller selje dyra dine til andre.
Dette gjer vi for å hindre at dyr (og eventuelle produkt av desse) som har fått dette legemiddelet, ikkje hamnar i matkjeda.
Sjå også krav til journalføring av helseopplysingar
Slik kan veterinæren behandle augebetennelse hos matproduserande dyr utan å bruke kloramfenikol
Regelverk
Forskrift om legemiddelrester i næringsmidler fra dyr
FOR-2012-05-30-512: kapittel-1-kapittel-7-kapittel-1-kapittel-1-kapittel-2 Sjå heile forskrifta (lovdata.no)Kilde: Lovdata.no