Vise fram dyr på messer, stands, oppvisingar og julekrybber
Sjå kva reglar som gjeld ved mellombels framsyning av dyr.
Innhald på denne sida
- De må melde frå før de viser fram dyr
- Kompetanse om dyrearten som skal visast fram
- Fleire reglar for framvising av dyr
"Mellombels framsyning av dyr" er kortvarige, sporadiske arrangement der dyra blir viste fram for publikum og ikkje er i sine vante omgivnader.
De må melde frå før de viser fram dyr
De må alltid melde frå til Mattilsynet før de viser fram dyr. I nokre tilfelle må de også søke om løyve til å vise fram dyra.
Kven må melde frå til Mattilsynet?
De må melde frå viss de skal vise fram dyr for publikum i/ved
- dyreparkar (inkluderte dyrehagar, kommersielle akvarium og besøksgardar)
- oppvisingar
- julekrybber
- messer og stands
- utstillingar, stemne, konkurransar marknader og andre dyresamlingar
Under "Regelverk" finn de ei liste over dyreartane som de berre treng å melde frå om. For artane på denne lista treng de ikkje søke om løyve.
Kven må søke om løyve?
Viss de vil vise fram andre dyreartar enn dei på lista under "regelverk", må de søke Mattilsynet først.
Sirkus må søke Mattilsynet om å vise fram dyr før kvar sesong. Dette gjeld uansett dyreart. Vi gir normalt berre gitt løyve til å vise fram dyr av domestiserte artar.
Sjå korleis de søker om løyve til å vise fram dyr i sirkus i Rettleiar til forskrift om dyrevelferd ved framvising av dyr.
Slik søker du
De søker eller melder frå om framvising av dyr på skjemaet "Nytt dyrehald". Mattilsynet må ha meldinga seinast éi veke før framvisinga startar.
Registrere nytt dyrehold
Du registrerer nytt dyrehold ved å logge deg inn i Mattilsynets skjematjeneste og deretter velge skjemaet "Nytt dyrehold" i menyen.
Alternativt kan du ta kontakt med oss på telefonnummer 22 40 00 00.
Kompetanse om dyrearten som skal visast fram
For å sikre at dyr ikkje blir utsett for unødige påkjenningar når dei blir viste fram, er det eit krav at alle som handterer dyra har tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dette på ein god måte.
De må kunne nok om dyrearten og typen dyrehald til å gi riktig dagleg tilsyn og stell, og vareta behovet til dyra. Er dyra trygge, eller viser dei teikn på stress? Det må den som handterer dyra kunne vurdere.
Kompetanse omfattar også haldningar, økonomisk og praktisk evne, og vilje til å etterleve krava i regelverket. Økonomien må vere god nok til nødvendig veterinærbehandling og eit godt levemiljø for dyra.
Fleire reglar for framvising av dyr
Det er fleire reglar som gjeld når de viser fram dyr.
Dyrevelferd
Dei viktigaste reglane om dyrevelferd når de viser fram dyr, finn de i lov om dyrevelferd § 26 og i forskrift om dyrevelferd ved framvising av dyr.
Rettleiar til forskrift om dyrevelferd ved framvising av dyr
Dyrehelse
Dei viktigaste reglane om dyrehelse når de viser fram dyr, finn de i dyrehelseforskrifta og landdyrflyttingsforskrifta.