Hobbytransport eller næringsmessig transport?
Lurar du på om den transporten du skal gjennomføre er å betrakte som hobbytransport eller næringsmessig transport?
Typiske eksempel på transport som er å betrakte som næringsmessig transport er
- transport som blir gjennomført av ein transportør som tar betalt for tenesta
- transport som blir gjennomført som ein del av eit næringsmessig dyrehald (for eksempel eit sauehald eller stutteri), eller som ein del av ein næringsmessig aktivitet (for eksempel ei travtrenarverksemd)
Det kan vere glidande overgangar mellom kva transportar som blir rekna å vere næringsmessige og kva for nokre av dei som blir rekna å vere hobbytransport.
Det er særleg for transport av hest at grensene mellom hobbytransport og næringsmessig transport kan synast uklare og kan vere vanskeleg å definere.
Dersom ein er i tvil om transporten er å betrakte som næringsmessig eller ikkje, må ein tenke over formålet med transporten. For eksempel vil transport av dyr til stemne eller anna arrangement med pengeutbetaling eller som aukar eller kan auke verdien til dyret, i mange tilfelle falle inn under omgrepet næringsmessig transport sjølv om det ikkje medfører ein reell verdiauke eller pengeutbetaling. Eit konkret eksempel på dette er transport til og frå totalisatorløp eller internasjonale hestesportsarrangement på seniornivå. Slike transportar er som hovudregel å betrakte som næringsmessig.
Unntak
Transport av inntil to hestar til slike arrangement i Noreg blir likevel rekna som hobbytransport. Det er eit vilkår at transporten ikkje er å betrakte som næringsmessig av andre grunnar, for eksempel at det er ein innleigd transportør som gjennomfører transporten mot vederlag.
Ver merksam på reglar i landet du transporterer til
Viss du skal transportere dyr til eller i andre EØS-land, må du vere merksam på at det kan vere ulike tolkingar når det gjeld kva som blir betrakta som næringsmessig transport, og kva transportar som dermed er regulerte av dette regelverket. Vi anbefaler deg å kontakte myndigheitene i dei aktuelle landa dersom du er i tvil om kva reglar som gjeld for den transporten du skal gjennomføre.
Kompetansebevis for dyretransportsjåfør eller ledsager
Skjema for å søke om kompetansebevis for sjåfører og ledsagere som gjennomfører næringsmessig transport av dyr.
Kravet om kompetansebevis gjelder for næringsmessig transport av dyreartene storfe, småfe, svin fjørfe og hest.
Kompetansebevis er en personlig godkjenning og du må logge inn som privatperson for å få tilgang til skjemaet.
Melde stevne, utstilling eller annen dyreansamling til Mattilsynet
Du kan melde fra på e-post eller i skjema.
E-post: Send e-post til postmottak@mattilsynet.no. Merk meldingen tydelig med hvilken kommune arrangementet skal finne sted i, slik at meldingen blir videresendt til riktig avdeling i Mattilsynet.
Skjematjenesten: Arrangør melder inn dyreansamlingen i Mattilsynets skjematjeneste. Velg skjemaet "Nytt dyrehold" og velg aktivitet "Fremvisning av dyr / Dyreansamling".