Krav til drikkevatn i skip
Skip under norsk flagg må forhalde seg til norsk regelverk same kvar i verda dei er. Dette gjeld også for drikkevassforsyninga.
Kvalitetskrav til drikkevatn i skip kjem fram av drikkevassforskrifta. Sidan vassforsyninga til sjøs er noko annleis enn til lands, er det nokre spørsmål ved korleis drikkevassforskrifta gjeld på skip.
Tilsyn med drikkevatn i skip
Skip blir kontrollert i samsvar med ILO-konvensjon nr. 178 der Mattilsynet fører tilsyn med drikkevatnet om bord.
ILO-konvensjon nr. 178 (regjeringen.no)
Guide to ship sanitation (who.int)
Skip som bunkrar drikkevatn utan vassbehandling om bord
Skip utan produksjon eller behandling av drikkevatn om bord har ikkje eit vassforsyningssystem, og dei er derfor heller ingen vassverkseigar etter drikkevassforskrifta.
For desse skipa gjeld derfor ikkje krava som er retta til vassverkseigaren i drikkevassforskrifta.
Tekniske installasjonar som fordeler eller oppbevarer drikkevatnet på sjøfartøy som bunkrar drikkevatn, blir kalla internt fordelingsnett. Kravet drikkevassforskrifta har til eigarar av internt fordelingsnett, gjeld på skip som bunkrar vatn når dette ikkje blir behandla etter bunkring.
Eigaren av internt fordelingsnett skal sikre at det interne fordelingsnettet ikkje gjer drikkevatnet mindre helsemessig trygt. Regelmessige drikkevassprøver er ein måte å vise at dette kravet er oppfylt.
Skip der det blir produsert drikkevatn om bord
Skip der det blir produsert drikkevatn om bord, har eit vassforsyningssystem og ein vassverkseigar etter drikkevassforskrifta. Dette gjeld også for bunkring av vatn som blir behandla før konsum.
I dei fleste tilfella fungerer eigaren av skipet som vassverkseigar. For desse skipa gjeld dermed krava i drikkevassforskrifta som er retta mot vassverkseigar, i tillegg til drikkevasskrava i forskrift om innredning, rekreasjonstilbud, kost og forpleining på skip.
Drikkevassforskrifta krav om plangodkjenning av vassforsyningssystem som produserer minst 10 m3 drikkevatn per døgn, blir varetatt gjennom sjødyktigheitserklæringa som Sjøfartsdirektoratet eller klasseselskapa gir.