Opplysingar om vassforsyningssystem
Her finn du oppdatert informasjon om vassforsyningssystem på fastlandet og på offshoreinstallasjonar. Bakgrunnen er opplysingar frå vassverkseigarane.
Kvifor Mattilsynet samlar inn opplysingane
Mattilsynet treng informasjon frå vassverkseigarar for å følgje med på leveransen av drikkevatn i Noreg og for å følge opp kvart enkelt vassforsyningssystem. Vi bruker også opplysingane i samband med internasjonale forpliktingar.
Alle vassforsyningssystem som leverer minst 10 m3 drikkevatn i døgnet, er derfor pålagde å rapportere til Mattilsynet innan 15. februar kvart år. Vassforsyningssystemet må vere registrert hos Mattilsynet før vassverkseigarar kan oppgi informasjon.
Søke plangodkjenning for nytt vannforsyningssystem
Samanstilling av dataa
Dataa er tilgjengelege for nedlasting lenger ned på sida her. På oppdrag frå Mattilsynet bruker Folkehelseinstituttet (FHI) dei same opplysingane i ei årleg samanstilling. Rapporten for førre år kjem mot slutten av året og er tilgjengeleg på FHIs nettsider.
- Vassverksdata for 2021 (fhi.no)
- Vassverksdata for 2020 (fhi.no)
- Vassverksdata for 2019 (fhi.no)
- Vassverksdata for 2018 (fhi.no)
Opplysingar om andre vassforsyningssystem
Kva du finn og ikkje finn informasjon om
Du finn både data frå førre år og historiske data. Opplysingane inkluderer blant anna namn på vassforsyningssystemet, organisasjonsform, analysesvar, type vassbehandling, distribusjonssystem og vassproduksjon. Informasjon om nedlagde vassforsyningssystem er frå det siste rapporteringsåret.
Adresser, kontaktpersonar og andre kontaktopplysingar er ikkje tilgjengeleg av personvernomsyn. Nøyaktig geografisk plassering er utelaten av sikkerheitsomsyn. Vassforsyningssystem med vassproduksjon under 10 m3 i døgnet og enkeltvassforsyningar er ikkje pålagde å rapportere.
Kart over vassforsyninga
Mattilsynet publiserer enkelte temakart som er relevant for vassforsyninga, hos Kartverket.
Karta er tilgjengelege som temakart på Geonorge (kartkatalog.geonorge.no).
Ver klar over at nøyaktig posisjon på vassforsyningssystema ikkje er angitt. For temaet "Vannverk inntakspunkt" vil punktet bli borte ved målestokk over 1 : 50 000. Treng du meir informasjon, må du ta kontakt med eigaren av vassforsyningssystemet.
Status for drikkevassområdet i kommunane i landet
I juli 2019 fekk Mattilsynet i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) å lage ei oversikt over tilstanden på drikkevassområdet i Noreg. Grunnlaget for rapporten er opplysingane som er omtalte på denne sida, og ei spørjeundersøking til alle kommunane i landet. Resultatet er samla i ein rapport som blei publisert 1. november 2019.
Mattilsynet peikar på følgande i konklusjonen:
- Fokuset på utbetring og oppgradering av distribusjonssystemet for drikkevatn må aukast.
- Generelt må mange auke innsatsen for å redusere lekkasjedelen. Samtidig er det viktig at planane er tilpassa lokale forhold.
- Beredskapen må bli styrka, under dette leveringssikkerheita. Alle vassverkseigarar må utarbeide robuste og oppdaterte beredskapsplanar og øve på desse.
- Det bør bli oppretta ei nasjonal oversikt over omsynssoner for drikkevasskjelder. Mattilsynet påpeikar også at løysinga for innrapportering av data frå vassverkseigarane bør moderniserast.