Bruk av ull som gjødsel, jordforbetringsmiddel eller jorddekke
Ull (saueull) som blir klassifisert som lågverdi-ull, har i liten grad blitt utnytta som ein ressurs. Ei mogleg utnytting av slik ull er bruk som gjødsel og jordforbetring eller som jorddekke i staden for plastduk.
Innhald på denne sida
- Kompost og biogass av ull
- Ull i kategori 3 som organisk gjødsel
- Metodar til bearbeiding av ull
- Andre regelverk for ull til bruk som gjødsel og jordforbetringsmiddel
Ull er eit animalsk biprodukt, og bruken av animalske biprodukt må skje i samsvar med krava i regelverket om animalske biprodukt. Dette regelverket har som formål å bidra til å hindre smitte og verne matkjeda. Føresegnene gjeld ikkje for bruk på område der det blir dyrka planter for bruk i eige privat hushald. Regelverket set krav om at ull som skal brukast som gjødsel og jordforbetringsmiddel, må gå gjennom behandling/bearbeiding, med fastsette krav før det kan brukast på den måten.
Kompost og biogass av ull
Ull frå friske dyr er kategori 3-materiale og kan komposterast eller bli bearbeidd i biogassanlegg.
Anlegg som får animalske biprodukt, blir godkjende av Mattilsynet.
Materialet må hygieniserast ved 70 °C i 60 minutt før det kan bli gjort om i biogass- eller komposteringsanlegg. Dette er standard krav til hygienisering, men det er mogleg å få godkjent alternative omdanningsparametrar. Kompost/biorest frå slike anlegg kan brukast som gjødsel/jordforbetring direkte eller inngå i ei gjødselblanding.
Forklaring til regelverket
- Ull frå friske dyr er kategori 3-materiale og kan bli kompostert, omdanna til biogass eller behandla med godkjent bearbeidingsmetode 1–5 eller 7.
Les meir om kategoriane i forordning 1069/2009, artikkel 10 bokstav b) ii-v), bokstav h) og bokstav n). Les om bearbeidingsmetodane i forordning 1069/2009 artikkel 14 d) iv, og d)
- Kompost og biorest kan nyttast som gjødsel eller jordforbetring føresett at krava til hygienisering i forordning 142/2011 vedlegg V er oppfylte.
Ull i kategori 3 som organisk gjødsel
Ull i kategori 3 kan bli brukt som organisk gjødsel eller inngå som ein del av ei organisk gjødselblanding.
Bruk av ull som organisk gjødsel krev at ulla først må vere behandla med ein godkjent bearbeidingsmetode (standard metode 1–5 eller 7 – les meir om det under "Bearbeidingsmetodar") med krav til temperatur, tid og partikkelstorleik i eit godkjent bearbeidingsanlegg. Biorest og kompost med ull frå godkjent anlegg med hygieniseringseining kan også inngå i ei slik gjødselblanding.
Ull til bruk som for eksempel jorddekke i staden for plastduk er omfatta av definisjonen av gjødsel og jordforbetringsmiddel i regelverk om animalske biprodukt. Slik bruk krev at ulla er i kategori 3 og har gått gjennom bearbeidingsmetode 1–5 eller 7.
Etter bearbeiding i bearbeidingsanlegg eller omdanning i biogassanlegg eller komposteringsanlegg kan ull brukast som organisk gjødsel, enten som del av ei organisk gjødselblanding eller som jordforbetring eller jorddekke.
Dette kan du lese meir om i forordning 142/2011, vedlegg XI, kapittel II, avsnitt 1 nr. 1 c.
Krava til omdanningsparametrar eller godkjent bearbeidingsmetode må vere oppfylte.
Metodar til bearbeiding av ull
Bearbeidingsmetode 1–5 og 7 er beskrivne i forordning 142/2011, vedlegg IV, kapittel III.
For metode 1–5 er det fastsett krav til partikkelstorleik, tid og temperatur, mens bearbeidingsmetode 7 er "enhver bearbeidingsmetode" som oppfyller visse målkrav.
Alle desse metodane kan brukast til bearbeiding av ull.
For metode 7 er det krav om at verksemda må vurdere risiko og dokumentere visse mikrobiologiske parametrar i ein periode på 30 etterfølgande produksjonsdagar.
Desse krava kan vere krevjande å oppfylle. Dersom verksemda klarer å dokumentere at ho oppfyller alle krava som gjeld for metode 7 ved for eksempel varmebehandling av ull gjennom pelletering, vil verksemda kunne bli godkjent med denne metoden.
Andre regelverk for ull til bruk som gjødsel og jordforbetringsmiddel
I tillegg til forskrift om animalske biprodukt vil også gjødselregelverket gjelde for ull til bruk som gjødsel, jordforbetringsmiddel, jorddekkingsmiddel eller som del av dyrkingsmedium.
Gjødselregelverket set krav til produksjon, produktkvalitet, merking, lagring og bruk.
Les meir om regelverket for produksjon og omsetning av gjødselvarer i Veileder til gjødselvareforskriften.